Aktuelt frå kommunen

Fritidsmønstringa 2018 med tema kreativitet

Frå arbeid med utstilling i Glasgato i 2014. - Klikk for stort bilete

Laurdag 29. september er det tid for den årlege fritidsmønstringa i Fusa. Tema i år er kreativitet og det er invitert til ei brei mønstring av lokal kunst i Glasgato i Kommunetunet. Samstundes er det marknadsdag med Markens grøde på Fjord'n senter. Her kan du òg møta lag og organisasjonar og oppleva underhaldning frå scenen.

Kunst i fokus

Utstillinga er open frå kl 10 til 16. Her kan du møta lokale kunstnarar, både dei som har kreative syslar som hobby og dei som har kunst som levebrød. Mellom anna vil Bente Dankertsen stilla ut og fleire av hennar elevar frå tidlegare målekurs.

Bok og bollar og UKM

Den høgtidlege opninga av Markens grøde og Fritidsmønstringa er kl 11.00 i senteret ved senterleiar Kristian Størksen og kulturleiar Erik Vangsnes. Kyrkjelydspedagog Norunn Rød Markhus har programmet "Bok og bollar" for born på biblioteket frå kl 11.10. Biblioteket er som vanleg ope på laurdagar kl 10-14.

I tida mellom kl 12-14 får du smakebitar frå ung Fusa-kultur med dansegruppa Amara G og musikk ved m.a. Frida Solheim frå scenen i Fjord'n senter. Dei er sentrale i jobbinga med UKM i Fusa (Ung kultur møtes).

Kortreist mat

Det blir òg høve til å vera med på uhøgtidlege konkurransar og aktivitetar i løpet av dagen. På sjølve marknaden kan du kjøpa kortreiste matvarer og gjera ein god handel. Inne på senteret på senteret kan du òg møta lokale lag og organisasjonar. Det vil vera ein eigen stand for den ny idrettshallen der du kan koma med forslag til kva hallen skal heita.

Plass til fleire

Om nokon er interessert å stilla ut i Glasgato kan dei ta kontakt med kulturkontoret på telefon 56580153.

Fritidsmønstringa er eit samarbeid mellom Fusa frivilligsentral, Fjord'n senter og kulturkontoret.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30