Fritidsmønstringa i 2012 vart ein kjempesuksess og arrangørane har store forventningar til 2013-utgåva. Arrangementet er eit samarbeid mellom Fusa vidaregåande skule, Fusa kommune, Fusa frivilligsentral og Fjord'n senter.
Folkehelsekoordinator Kristin Almås i Fusa kommune håper at mange får med seg mønstringa som gjev eit utmerka høve til orientera seg i fritidstilboda i Fusa. Her kan du knyta kontaktar og få informasjon. Organisasjonane i Fusa presenterer seg i gymsalen på Fusa vidaregåande og på uteområda mellom bygga på Leiro. Og så er det lagt opp til mange kjekke aktivitetar i løpet av dagen både ute og inne. Sjå Program (PDF, 3 MB).
Det vert kafé med matservering på Fusa vidaregåande skule. Fjord'n senter har eit eige tema for dagen med Markens grøde med utstillarar og torgsal. Bruktbua har eigen auksjon i sine lokale kl 11.00. I tillegg er det denne dagen veramønstring på Leiro for som driv med sau i Fusa så det vert eit yrande liv og mykje å sjå på for både folk og dyr.