Aktuelt frå kommunen

Fritidsmønstring med tema idrett

Seniorfotball - Klikk for stort bilete

Laurdag 24. september er det Fritidsmønstring på Leiro i Eikelandsosen. Tema i år er idrett. Fusaidretten mønstrar på i full breidde. Du kan møta og prøva eit mangfald av idrettar i tidsrommet kl 11-14, både inne og ute.

Informasjon om Fusaidretten

Opninga av arrangementet er frå scenen i Fjord'n senter kl 11 ved leiar i Fusa idrettsråd Liv Nyheim Kilen. Lokale idrettslag stiller med stands. Du kan få informasjon om lokale tilbod og aktivitetar. Idrettslaga presenterer seg i Glasgato i Kommunetunet.

Aktivitet inne og ute

Det blir også små oppvisningar og demonstrasjonar av lokale utøvarar. Strandvik skyttarlag riggar til ein eigen liten skytebane med laservåpen som alle kan prøva. Fotballmiljøet organiserer ein miniturnering for 3-arlag på plenane mellom bygga på Leiro. Ved nedbør blir deler av aktivitetane flytta inn i gymsalen på Fusa vidaregåande skule.

Om idrett på internasjonal kafé

Inne på biblioteket er det internasjonal kafé mellom kl 12-14. Her vert det informasjon om norsk idrett ved Stig Blindheim frå Norges idrettsforbund. Her kan nye fusingar bli kjend med den norske idrettsrørsla og idretten i Fusa.

Ope hus på Fusa vgs

Det vert ope hus på Fusa vgs der du kan får sjå idrettsfascilitetar med gymsal og nytt stort styrketreningsrom.

Det blir premieutdeling for aktivitetane på dagen før avslutning kl 14.

Arrangørar er Fusa kommune og Fusa frivilligsentral i samarbeid med Fusa idrettsråd, Fusa vgs og Fjord'n senter.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30