Aktuelt frå kommunen

Fritidsklubben har fått nye lokale i Fjorden arena

Fritidsklubben feira første klubbdag i nye lokale i Fjorden arena onsdag 4.9.2019. - Klikk for stort bileteFritidsklubben feira første klubbdag i nye lokale i Fjorden arena onsdag 4.9.2019. Agnes Smørholm Onsdag 4. september hadde fritidsklubben for menneske med utviklingshemming sin første klubbkveld i Fjorden arena. Det feira dei med styrketrening og kakefest. Det blir klubbkveld kvar onsdag klokka 18-20.

Det var ein spennande kveld for alle som går på fritidsklubben, då dei fekk ta i bruk flunkande nye lokale i Fjorden arena, fortel kulturleiar Erik Vangsnes og fritidsleiar Agnes Smørholm, som var med på opningsfesten. Fritidsklubben fekk omvising i heile Fjorden arena. Spesielt ivrige var dei i styrketreningsrommet. Etter treninga var det pølse- og kakefest i kantina. 

Her følgjer litt informasjon om klubben og eit biletgalleri frå opningsfesten.

Kven er fritidsklubben for?

Klubben er tilrettelagt for menneske med utviklingshemming. 

Brukarane kjem frå Samnanger og Fusa kommunar, og alderen er frå vidaregåande skule og oppover.

Fritidsleiar sender ut informasjon om klubbkveldane i posten eller på e-post til aktuelle deltakarar.

Når er det klubb?

Det er klubbkveld kvar onsdag klokka 18.00-20.00 i Fjorden arena.

Klubben er stengd i juli, i romjula og på høgtidsdagar.

Kva kostar det?

Deltakarane betalar kr 100 i kontantar kvar gong. For tilsette som følgjer med er det gratis.

Kva skjer på klubben?

Aktivitetane er varierte med både bilete/video, lyd og rørsle og dekkjer dei fleste av sansane våre.

Nokre gonger kjem det andre og opptrer for oss eller dansar og syng med oss. 

Andre gonger reiser me på tur til andre fritidsklubbar og arrangement.

Me samlast rundt eit felles måltid med variert og sunn kost, og deler gjerne gode kosthaldsråd rundt det som blir servert.

Som oftast har me dans den siste halvtimen før me takkar for kvelden og gler oss til å møtast igjen.

Trine Eikeland i aksjon. Monica Boge følgjer med. | Fotograf: Agnes Smørholm Elise Ragnhildstveit beundrar den flotte kaka. | Fotograf: Agnes Smørholm Fritidsklubben feira første klubbdag i nye lokale i Fjorden arena onsdag 4.9.2019. | Fotograf: Agnes Smørholm Fotograf: Agnes Smørholm Bjørn Egil Jensen i full konsentrasjon. | Fotograf: Agnes Smørholm Janne Hatletveit testar roapparat. | Fotograf: Agnes Smørholm Jomar Skjelbreid Rise i aksjon i styrkerommet. | Fotograf: Agnes Smørholm
Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 18.09.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30