Aktuelt frå kommunen

Frisklivstilbod i symjehallen

Det er bygd ein rampe som lettar tilgangen til bassenget. - Klikk for stort bilete

Fusa kommune tilbyr frisklivstrening i Fusa symjehall kvar fredag. Denne dagen har vaksne tilbod om trim i godt oppvarma vatn med instruksjon av fysioterapeut. Hallen er open som vanleg i haustferien.

Oppvarma fredag
Fredagar er bassengvartnet godt oppvarma til 32-34 grader. Fleire grupper med behov for god vasstemperatur er då inne som brukarar.

Vassgymnastikk
På ettermiddagen fredagar har symjehallen gjennom fleire år hatt ei trimgruppe for vaksne med vassgymnastikk. I haust er det fysioterapeut Olav Flølo som leiar trimen som er eit frisklivstilbod mange kan ha glede av. Timen er frå kl 14.15-15.30. Publikum kjøper billettar og kort på same vilkår som andre brukarar av bassenget. Sjå prisliste (PDF, 86 kB). Hugs at det er kontant betaling!

Opningstider
Fusa symjehall er elles open for publikumsbading:
Tysdagar kl 17.00-21.30
Torsdagar kl 17.00-21.30
Laurdagar kl 12.00-15.00

Sjå meir info om bassenget på eiga nettside.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30