Aktuelt frå kommunen

Frisklivssentral i Fusa

Frisklivsgruppa på tur i haustsola med fysioterapeut Borghild Johanna Flølo (t.v.) - Klikk for stort bileteFrisklivsgruppa på tur i haustsola med fysioterapeut Borghild Johanna Flølo (t.v.) Kristin Almås Tysdag 1. oktober starta eit prøveprosjekt med frisklivssentral i Fusa. Ni deltakarar skal vera med på treningsgruppe og Bra mat-kurs i tre månader framover. Målet er livsstilsendring.

Fysioterapeutane Kristin Almås og Borghild Johanna Flølo skipa til den første frisklivstreninga i strålande haustsol tysdag. To gonger i veka framover vert det trening, og i tillegg vert det Bra mat-kurs.

Førebygging

Frisklivssentralen er del av den førebyggjande satsinga innan samhandlingsreforma. Førebels har Fusa kommune fått prosjektmidlar frå Fylkesmannen til ein prøveperiode på tre månader. Prosjektleiar Anne Skagseth frå Eining Rehabilitering og folkehelsekoordinator Kristin Almås håper det kan bli eit varig tiltak.

Målet med ein frisklivssentral er å motivera og hjelpa folk til livsstilsendring.

Interesserte kan ta kontakt direkte med prosjektleiaren eller folkehelsekoordinatoren. Du kan òg få tilvising til frisklivssentralen via fastlege.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.10.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30