Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Erik Vangsnes
Fusa vidaregåande skule - med fasaden til den nye maskinverkstaden fotograf Erik Vangsnes

Framtida for Fusa vidaregåande skule

I sommar ligg Hordaland fylkeskommune sitt framlegg til skulebruksplan for dei vidaregåande skulane i fylket ute til høyring. Planen har fått namnet «Skole- og tilbodsstruktur for framtida - Skolebruksplan Hordaland fylkeskommune 2012–2025». Det vert gjort framlegg om til dels store endringar for fleire av dei vidaregåande skulane, også for Fusa vidaregåande skule. Fristen for å uttala seg om planframlegget er 1. oktober.

Mange og små

Hordaland fylkeskommune har i dag 46 vidaregåande skular og fagskular. Gjennomsnittleg skulestorleik er 3. lågast i landet. Skulebruksplanen tek heile skulestrukturen opp til vurdering og skal tilfredstilla to overordna målsetjingar:

  • Gje oversyn over viktige moment ved Hordaland fylkeskommune sin skule– og tilbodsstruktur

  • Peika på framlegg til framtidige prioriteringar

I planframlegget vert det konkludert med at dei fleste utdanningsprogram er fordelt på for mange skular, som dermed konkurrerer ut kvarandre. Det vert òg sagt at Hordaland fylkeskommune brukar for store ressursar på å oppretthalda ein desentralisert skulestruktur, og at det er ønskeleg med større fagmiljø på utdanningsprogramma.

Fusa vidaregåande skule

Den vidaregåande skulen vår hadde sist skuleår 260 elevar delt på utdanningsprogramma helse og sosial, naturbruk, restaurant- og matfag, TIP (teknisk industriell produksjon), studiespesialisering med formgjevingsfag, påbygg, TO, lærlingskule og vaksenopplæring.

Det vert gjort framlegg om at Fusa vgs skal driva vidare med berre 3 utdanningsprogram: Helse og sosial, TIP og studiespesialisering med formgjevingsfag. Fusa står i fare for å missa den tradisjonsrike akvakulturutdanninga, restaurant- og matfag og fagskuletilbodet.


Kva seier kommuneplanen?

I 2011 vedtok Fusa kommunestyre mål for samfunnsutviklinga vår i dokumentet "Fusa - midt i blinken. Samfunnsdelen til kommuneplanen 2011-2023" (PDF, 2 MB).

Mellom måla for bukommunen Fusa er m.a. at Fusa skal ha eit godt vidaregåande skuletilbod og høgskuletilbod. Strategiar for å sikra dette er m.a.

  • å medverka til at Fusa vgs har eit godt arbeids- og næringsretta tilbod til ungdom i regionen

  • å medverka til etablering av nye idrettstilbod på Fusa vgs

  • å medverka til vidareutvikling av modulbasert vidaregåande utdanning, der ein kan byggja opp kompetanse over tid

  • å medverka til vidareutvikling av det desentraliserte fagskuletilbodet og vaksenopplæringstilbodet ved Fusa vgs.


Viktig for arbeidskommunen Fusa

For arbeidskommunen Fusa har kommuneplanen m.a. som mål å sikra tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Dette skal vi m.a. oppnå ved å utvikla nye skuletilbod tilpassa næringslivet sine behov i samarbeid med Fusa vgs, og støtta opp om tilbod om kurs og kompetanseheving, vidare- og etterutdanning.

Eit allsidig næringsliv og variert tilbod av arbeidsplassar skal sikrast m.a. ved å styrkja og vidareutvikla det vidaregåande skuletilbodet.


Tid for å engasjera seg

I mange kommunar er det starta både underskriftskampanjar og facebook-aksjonar for ulike vidaregåande skuletilbod. Det er enno god tid til å setja seg inn i planframlegget og engasjera seg for dei som ønskjer det.

Høyringsfristen for å koma med innspel til framlegget til skulebruksplan for Hordaland er 1. oktober.

Les meir om skulebruksplanen på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.07.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30