Aktuelt frå kommunen

Framleis råd å søkja kulturskuleplass

Kulturskuleelev Elen E. Klippen (arkivfoto) - Klikk for stort bileteKulturskuleelev Elen E. Klippen (arkivfoto) Fredrik Thorsen Søknadsfristen for elevopptak til Fusa kulturskule for neste skuleår er forlenga til 15. mars. Det er framleis ledige plassar på dei fleste tilbod. 

Elektronisk søknadsskjema

Kulturskuletilbod

Fusa kulturskule tilbyr opplæring både individuelt og i små grupper. Tilbodet omfattar for tida opplæring på følgjande instrument:

  • piano
  • keyboard
  • gitar/el-gitar/bass
  • hardingfele
  • saksofon
  • ukulele
  • slagverk 

Kulturskulen har òg undervisning i musikkteknologi og i dans, og samarbeider med Fusa sokn om eit tilbod til dei aller minste kalla "Musikk i livets begynnelse". I tillegg kan kulturskulen tilby sal av tenester til skular og frivillig musikkliv.

Undervisninga er desentralisert til skulebygg rundt om i kommunen. Meir informasjon finn du på sida til Fusa kulturskule.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30