Aktuelt frå kommunen

Framleis opa kyrkje

Oppvekstsenteret vårt - Klikk for stort bileteOppvekstsenteret vårt

 

Det har vore opa kyrkje i Strandvik frå kl 12 i dag. Ho vert verande opa utover på tidleg kveldstid måndag 28. januar.

Dei pårørande vert følgde opp av kommunen sitt psykososiale kriseteam, i tråd med deira retningsliner. Representantar frå kriseteamet har også vore med på samlingane på dei tre skulane i dag. 

Kriseteamet

Kommunen sitt psykososiale kriseteam har representantar frå både legetenesta, lensmannsetaten og kyrkja, psykiatritenesta, barnevernet, helsesøster og PPT-psykolog. Kontakttelefon er legevaktsentralen - 56 58 02 80.

 

Vidare informasjon

Spørsmål om ulukka og ulukkesstaden må som før rettast til lensmann Lorentz Lunde - tlf 56 58 20 00.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30