Aktuelt frå kommunen

Framleis ledige plassar i kulturskulen

Danseelevar frå Os kulturskule i framsyninga Austanfor sol og vestanfor måne. - Klikk for stort bileteDanseelevar frå Os kulturskule i framsyninga Austanfor sol og vestanfor måne. Kari M. Lyssand, Midtsiden Det er framleis plass til fleire i den nyoppretta dansegruppa og nokre ledige plassar på instrumentopplæring gitar og piano. Kulturskulen fyller på så lenge det er plass. Bruk digitalt søknadsskjema.

Nytt dansetilbod

Kulturskulerektor for Os og Fusa Christian Breistein minner om at kulturskulen ønskjer å starta opp med eit kurs i dans for unge i alderen 7-19 år i Fusa frå hausten av. Det er framleis ledige plassar på det nye tilbodet. Opplæringsstad vert peisestova i Fusa samfunnshus. Dansepedagog Julia Bergesen, med utdanning frå London og Bergen, skal stå for undervisninga.

Målet for danseopplæringa er å gjera elevane trygge på seg sjølve og sine eine uttrykk. Fokus er danseglede, mangfald, kreativt og utforskande arbeid. Sjå informasjonsskriv. (PDF, 186 kB)

Dei som får plass på dansekurset i Fusa, vil òg få tilbod om å vera med på større produksjonar saman med danseelevar frå Os, opplyser Breistein. Sjå video, foto og omtale av den siste danseframsyninga til kulturskulen, "Austanfor sol, vestanfor måne" hjå Midtsiden, og artikkel om førebuingane.

Gitar og piano

Kulturskulerektoren opplyser òg at kulturskulelærarane Håvard Skåtun og Aksel H. Holdhus framleis har noko ledig kapasitet. Dei underviser hovudsakleg i gitar og piano.

Korleis søkja?

Fusa kulturskule er ein del av Os kulturskule, og du søkjer på dans eller instrumentalundervisning via elektronisk søknadsskjema.

Ved spørsmål, ta kontakt med kulturskulen:

  • E-post: kulturskulen@os-ho.kommune.no
  • Telefon: 56 57 52 48 / 56 57 52 49

Sjå òg Fusa kulturskule si informasjonsside.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30