Aktuelt frå kommunen

Framleis gratis HPV-vaksine til kvinner fødd i 1991 og seinare

HPV-virus - Klikk for stort bilete

Alle kvinner som er fødd i 1991 og seinare fekk frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. I Fusa er helsestasjonen på Fjord`n Senter ansvarleg for dette tilbodet fram til utgangen av 2018.

Førebygging av livmorhalskreft

Alle kvinner som er fødd i 1991 og seinare fekk frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive, blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdommen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.

Mellombels tilbod  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 har uvaksinerte kvinner som er fødd i 1991 og seinare òg fått tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode fram til utgangen av 2018. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader.

Kontakt Helsestasjonen på Fjord`n Senter 

I Fusa er helsestasjonen på Fjord`n Senter ansvarleg for tilbod om gratis HPV-vaksinering til kvinner fødde i 1991 eller seinare, opplyser leiande helsesøster Astrid Gaupholm. Ho legg til at vaksinasjonen vert gjennomført etter timeavtale. Telefon: 56 58 01 00

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine 

Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 02.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30