Aktuelt frå kommunen

Frå demenskurs til demensforeining

Brosjyreframside Fusa demensforening - Klikk for stort bilete Kari B. S. Helland I vår arrangerte Fusa kommune med fleire pårørandeskule for pårørande til personar med demens. No er Fusa demensforening skipa. På den internasjonale Alzheimerdagen 21. september kan du møta dei på stand på Fjord'n senter.

Pårørandeskule

Pårørandeskulen var eit samarbeidsprosjekt mellom Fusa kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen, Fusa frivilligsentral, Lionsklubb Fusa og Fusa sanitetsforening. "Skulen" gjekk over fem kurs-/temakveldar. Målet var kunnskap, støtte og fellesskap for pårørande til personar med demens.

"Det var godt frammøte på pårørandeskulen, og me såg fort at behovet for ei demensforeining var til stades," seier sjukepleiar Jorunn Gjøen, som var ein av kontaktpersonane for pårørandeskulen. No er ho med i Fusa demensforening. Ho fortel at foreininga skal ha stand på Fjord'n senter på den internasjonale Alzheimerdagen onsdag 21. september, frå ca klokka 12. 

Fusa demensforening

Den nystarta foreininga er eit lokallag under Nasjonalforeningen for folkehelsen. Leiar for Fusa demensforening er Kari Bente Stein Helland. Målsetjingane til foreininga er å:

  • gje informasjon om demenssjukdomane
  • skapa større forståing for personar med demens og deira pårørande
  • gje pårørande høve til å møta andre i same situasjon
  • vera ein samarbeidspart med den eksisterande demensomsorga i kommunen, slik at ein kan utvikla tilpassa tiltak for dei demensramma
  • arrangera treffpunkt for personar med demens og deira pårørande

Lokallaget ønskjer å vera ein pådrivar for god demensomsorg lokalt. Informasjonsarbeid er ei av dei viktigaste oppgåvene. Fusa demensforening vil arrangera både temakveldar med førelesingar, pårørandekurs og samtalegrupper. Dei vil òg gje tilbod om aktivitetar for personar med demenssjukdom.

Kva kan Fusa kommune tilby?

Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) har avdeling for aldersdemente. Sjå informasjon om langtidsopphald på sjukeheimen.

Det er ein sansehage i tilknyting til desse avdelingane. Sansehagen vart bygd på dugnad i eit samarbeid mellom tilsette i Fusa kommune og frivillige i lag og organisasjonar. Sjå eiga informasjonsside.

Fusa kommune har òg dagsentertilbod for personar med demens. Sjå informasjonsside om dei ulike dagsentertilboda.

Meir informasjon

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30