Aktuelt frå kommunen

Fotoutstilling i Lygrepollen

Fotoutstilling i Podlen - Klikk for stort bilete

Laurdag 24. og søndag 25. juni vert det høve til å sjå historiske foto frå Lygrepollen og Lukksund. Det vert utstilling i grendahuset på Sundfjord med bilete etter bygdefotografen Einar Sundvor (1899-1963).

 

I det lokalhistoriske arkivet i Fusa har ein digitalisert over 1000 foto frå samlinga etter Einar Sundvor. Vel 100 av bileta frå Lygrepollen og Lukksund vert å sjå på utstilling i gredahuset på Sundfjord kl 16-19 laurdag og kl 12-16 søndag 25. juni.

 

Sundvorsamlinga - Klikk for stort bilete Eineståande tidsbilete

Bileta er tekne frå starten av 1900-talet fram til 1950-talet. Det er alt frå landskap og natur til portrett og gruppebilete. På bileta kan ein kjenna att over 300 personar frå grendene lengst sør i Fusa. Utstillinga gjev eit eineståande tidsbilete frå ei svunnen tid og levd liv i Podlen. Sundvor var ein dyktig fotograf og ein god dokumentarist som gjer at det har blitt ei spennande og flott utstilling.

 

Manglar namn

I utstillinga vil ein også få høve til å blad i kopiar frå heile Sundvor-samlinga. Her er det motiv frå fleire bygder i Fusa og nabokommunane Tysnes og Kvinnherad. Ein del av personane på bileta er framleis ikkje identifiserte og kulturkontoret i Fusa vil gjerna ha hjelp til å finna fleire namn. Johanna Ljones frå Abotnes er den som har laga utstillinga og som arbeider med å gjera fotosamlinga tilgjengeleg. Det vert ny utstilling på Nordtveit 23. juli med vekt på motiv frå Nordtveitgrend.
 
Johanna vonar riktig mange finn vegen til det gamle ungdomshuset i Sundfjord no til helga. 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30