Aktuelt frå kommunen

Fotoutstilling i Glasgato

Frå sommarutstillinga til Fusa fotoklubb i Kommunetunet - Klikk for stort bileteFrå sommarutstillinga til Fusa fotoklubb i Kommunetunet Erik Vangsnes

Det er opna sommarutstilling med 35 bilete av 13 ulike fotografar i Glasgato. Utstillinga er open i Kommunetunet si opningstid kl 09.00 til 14.30. Velkomen inn!

Fusa fotoklubb har no si første store utstilling sidan den vart starta for omlag eit og eit halvt år sidan. Utstillinga er i Glasgato i Kommunetunet, og omfattar 35 bilete av 13 utstillarar. For å få flest moglege medlemmer til å delta, har ein stått fritt til å velja motiv. 

 

Årleg tradisjon
Meininga er at ei utstilling i Glasgato skal bli ein årleg tradisjon, og at den skal vera eit vindauge for kva klubben driv med.

Om ein ynskje å kjøpa bilete frå utstillinga, kan ein ta kontakt med eigar. Namn og telefonnummer/e-post står under kvart bilete.

Fotomiljøet i Fusa viser seg fram. - Klikk for stort bileteFotomiljøet i Fusa viser seg fram. Erik Vangsnes

 

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.07.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30