Aktuelt frå kommunen

Fortenestemedalje til Henny Ditmarsen

Ordførar Atle Kvåle og medarbeidar Henny Ditmarsen med fortenestemedalje og diplom - Klikk for stort bilete Henny Ditmarsen har fått Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste for Fusa kommune. Henny starta på Fusa alders- og sjukeheim på Skjørsand i 1984 og har dei siste åra arbeidd i Tiltak for funksjonshemma. Ho har ytt ein innsats for Fusa kommune i 32 år. Vi gratulerer med velfortent heider! 

Det Kongelige Selskap for Norges Vel etablerte i 1888 Medaljen for lang og tru teneste for å synleggjera og verdsetja innsats i arbeidslivet. Arbeidsplassar kan søkja om å få tildela medaljen til medarbeidarar som fyller kriteria.

Henny Ditmarsen sin innsats vart feira med ei samkome på Trivselstunet i Eikelandsosen, der 25 noverande og tidlegare kolleger var samla. Ordførar Atle Kvåle delte ut medaljen og ba jubilanten om å nyta pensjonisttida og ta vare på helsa. Avdelingsleiar Liv Elin Moen delte ut blomar og heldt takketale, der ho mellom anna framheva Henny sin evne til å byggja relasjonar.

Sjølv om Ditmarsen no har gått av med pensjon, held ho fram i teneste for Fusa kommune som ringevikar. 

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 21.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30