Aktuelt frå kommunen

Fortenestemedalje til Anny Samnøy og Karin Berge

Anny Samnøy t.v saman med ordførar Atle Kvåle og Karin Berge t.h. - Klikk for stort bilete

Anny Samnøy og Karin Berge har begge fått overrekt Norges Vel-medalje for lang og tru teneste i Fusa kommune. Dette vart markert  7. desember på Fusa bu- og behandlingssenter, der dei har hatt arbeidsplassen sin storparten av sitt yrkesliv. 

 

Ordførar Atle Kvåle delte ut medaljar og ba jubilantane om å nyta pensjonisttida og ta vare på helsa. Tenesteleiar Lene Tveit overrekte gåve, blomar og gode ord på vegne av kollegaer og arbeidsgjevar. Vi gratulerer med velfortent heider! 

Det Kongelige Selskap for Norges Vel etablerte i 1888 Medaljen for lang og tru teneste for å synleggjera og verdsetja innsats i arbeidslivet. Arbeidsplassar kan søkja om å få tildela medaljen til medarbeidarar som fyller kriteria.

 
 
Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 08.01.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30