Aktuelt frå kommunen

Første TAF Helse-lærling med fagbrev

Ingrid Elisabeth Heggelund og Ingfrid Tveit Rein - Klikk for stort bileteIngrid Elisabeth Heggelund og Ingfrid Tveit Rein FBBS

 

Ingrid Elisabeth Heggelund frå Bergen har teke fagprøve i Helsearbeidarfaget etter fire år som elev ved Fusa vidaregåande skule. Ho er den første ferdigutdanna helsefagarbeidaren frå TAF-Helse med lærlingeplass i Fusa kommune.

TAF-Helse

 

Frå hausten 2007 har Fusa vidaregåande skule hatt studietilbodet TAF-Helse. Dette er i første rekkje eit tilbod til dei som har ei høgare utdanning innan helsefag som mål. Utdanninga går over fire år og består av både praktisk og teoretisk opplæring. Den teoretiske opplæringa omfattar m.a. fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og kjemi.

 
 
Fusa vgs samarbeider med kommunane Fusa, Os, Kvinnherad, Tysnes, Samnanger og Kvam om den praktiske delen av opplæringa.

 

Lærling på FBBS

 

 
 
Ingrid Elisabeth Heggelund har ikkje berre skaffa seg kompetanse som fagarbeidar i helsearbeidarfaget. Ho har i tillegg fullført alle fag som trengs for å studera vidare på høgskule og universitet og ta høgare medisinsk utdanning, fortel Gerd Syvertsen, einingsleiar ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS), der Heggelund har vore lærling. No siktar ho seg inn på vidare studier i Trondheim.

 

 

 
Den nyutdanna helsefagarbeidaren vart feira med kake i lunsjen på FBBS ein fin sommardag. Der var m.a. Ingfrid Tveit Rein (biletet) til stades. Ho er fagansvarleg for lærlingane og ein viktig person for å få dei gjennom alle områda dei skal innom i løpet av lærlingeåra.

 

 

Fusa kommune gratulerer den ferske helsefagarbeidaren og ønskjer lukke til med vidare studier!

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.07.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30