Aktuelt frå kommunen

Første politiske møterunde i 2016

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

1. februar startar den første politiske møterunden i det nye året med møte både i ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet. Møterunden avsluttar med kommunestyremøte 18. februar. Møta finn stad i Kommunetunet og er opne for alle interesserte.

Saker

På sakskartet denne møterunden står m.a. utviding av Fjord'n senter i Eikelandsosen og tilhøyrande dispensasjon frå reguleringsplan, Ungdommens kulturmønstring 2016, auka busetjing av flyktningar, oppstart av arbeidet med ny kommunal planstrategi for Fusa kommune, eigarskapsstrategi, rullering av rusmiddelpolitisk handlingsplan og fleire saker knytte til barnehage og skule.

Barnehage og skule

Lokalpolitikarane skal m.a. handsama endringar i barnehagevedtektene og organisering av barnehagar og SFO i samband med endring i skulestrukturen. Holdhus og Eikelandsosen skular vert som kjend slått saman til ein skule og Strandvik og Fusa til ein skule frå og med hausten 2016. 

Politikarane skal òg handsama førespurnad om å få leiga eller overta Holdhus og Strandvik skular for å driva privatskuledrift i bygga. Kva skal trinn to i skulestruktursaka omfatta? Det spørsmålet står òg på sakskartet.

Busetjing av flyktningar

Kommunestyret vedtok 15.10.2015 at Fusa skal ta imot 20 flyktningar i 2016 og 10 i 2017. I november kom det oppmoding frå Fylkesmannen om å busetja fleire pga av den store auken i tal flyktningar som kjem hit til landet. Fusa vert bede om å busetja 30 i 2016 - der minst 7 er einslege barn og unge - og 35 i 2017 - der minst 11 er einslege barn og unge.

Fusa har så langt busett 25 flyktningar (23 syriske og to kongolesiske). Fem av desse er rekna med i kvoten for 2016. Fem nye knytt til familiar som alt er her, kjem med det første og tel òg innanfor 2016-kvoten vår.

I saksutgreiinga vert det peika på at Fusa kommune har vist at vi kan meistra busetjingsarbeidet på ein god måte så langt. Det heiter vidare at dei sterke sidene våre til no har vore dyktige koordinatorar, stor frivillig innsats, gode arbeidsgrupper, godt samarbeid internt i kommunen og med næringslivet, og støttande interkommunale nettverk.

Utfordringane har vore mangel på bustader, lokalitetar knytt til vaksenopplæringa, kapasitet knytt til vaksenopplæring og flyktningstaben, mangel på tolketeneste og psykologteneste. Fusa kommune manglar også system og ein langsiktig plan for arbeidet. Rådmannen understrekar at det er ein føresetnad at ein held fram arbeid med å utbetra desse tilhøva for å kunne auka mottakstala.

Etter rådmannen si vurdering bør Fusa halda fram med å bidra i ein nasjonal dugnad for å redusera ventetida i mottaka og dermed gjera vedtak i samråd med Fylkesmannen si oppmoding. 

Politikarane skal òg handsama ei eiga sak om busetjing av mindreårige flyktningar.

Møtetidspunkt

Det vert gruppemøte i dei politiske partia måndag 1.2.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30