Aktuelt frå kommunen

Første politiske møterunde hausten 2015

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Tysdag er møta i dei politiske råda og utvala i Fusa i gang att. Dette er samstundes siste møterunde for sitjande kommunestyrepolitikarar. Dei skal handsama til saman om lag 50 saker, m.a. ny arealplan, økonomisk situasjon, busetjing av flyktningar, interkommunal plan for næringsareal og utviding av Fjord'n Senter.  

Møteoversikt

  • Ungdomsrådet - tysdag 29.09.2015 kl 12.00
  • Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne - tysdag 29.09.2015 kl 17.00
  • Formannskapet - onsdag 30.09.2015 kl 16.00
  • Utval for plan og miljø - torsdag 01.10.2015 kl 16.00

Sakspapira er publiserte under "Politiske saker 2015".

Det vert medlemsmøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 28.09.2015 kl 19.00 i Kommunetunet.

Kommunestyret

Sitjande kommunestyre har sitt siste møte torsdag 15.10.2015.

Det nye kommunestyret har konstituerande møte torsdag 22.10.2015. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30