Aktuelt frå kommunen

Forslaget til arealplan er klart

Utsnitt av kart over arealbruk i Fusa kommune. Kartteikning. - Klikk for stort bilete

Forslaget til kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 er klart for politisk behandling. Arealplanen består av planomtale, plankart, føresegner og retningsliner. Politikarane skal i denne omgang vedta om planforslaget no skal leggjast ut på høyring. 

Politisk behandling
 
Ungdomsrådet og Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne skal diskutera planframlegget i sine møte tysdag 2. juni. Deretter er det Utval for plan og miljø sin tur måndag 8. juni. Kommunestyret fattar vedtak om arealplanen skal leggjast ut på offentleg høyring i sitt møte torsdag 18. juni.  
 
Vegen vidare
 
I så fall vert forslaget til arealplan lagt ut på høyring. Høyringsperioden skal vara i minst 6 veker, men vert pga sommarferien utvida. Det er ikkje høve til å koma med nye innspel til arealbruk. Innspela må gjelda sjølve planforslaget (plankart med føresegner og retningsliner).
 
Til hausten skal høyringsinnspela behandlast. Målet er at noverande kommunestyre skal fatta endeleg vedtak (eigengodkjenning) i sitt siste møte 15. oktober.
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30