Aktuelt frå kommunen

Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune er på høyring

Drikkevatn - Klikk for stort bilete

Fellesnemnda har i møte 11. februar 2019, sak 14/2019, vedteke å leggja forslag til lokal forskrift for vass- og avløpsgebyr ut på høyring. Høyringsfrist: 10. mai 2019.

Høyringsdokument

Bakgrunn

Utrekningsmåte, innkrevjing og storleik på kommunale vass- og avløpsgebyr blir fastsette i lokale forskrifter med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) § 16-1, og lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 5, jf. § 4.

Fusa kommune og Os kommune reknar ut vass- og avløpsgebyr på ulik måte. For Bjørnafjorden kommune må vi difor einast om ein felles måte.

Forskrifta skal gi reglar om:

  • Gebyrtypar
  • Storleik
  • Utrekning og innkrevjing

Om forskriftene i Os og Fusa i dag

Dagens forskrifter i Os og Fusa er utarbeidde på bakgrunn av ein eldre rettleiar. Administrasjonen har tatt høgde for juridiske endringar og avklaringar som har kome dei siste åra i utarbeidinga av framlegg til ny forskrift.

Mål for ny forskrift

  • Forskrifta skal vera enkel å forstå for både administrasjon, politikarar og innbyggjarar i Bjørnafjorden kommune
  • Rettferdig kostnadsfordeling og like reglar
  • Digitalisering og automatisering av prosessar

Dette er annleis i det nye framlegget til forskrift

Gebyrgrunnlag og arealutrekningsmetode:

Gebyr blir rekna ut frå det samla arealet av bygningar på eigedomen. Arealet blir målt etter NS 3490- Bruksareal. Det er også dette arealet som blir ført i matrikkelen (eigedomsregisteret) for kvar enkelt bygning.

Det er fleire fordelar ved å nytta denne metoden: Grunnlaget for gebyret blir eintydig og mogleg å etterprøva. Samstundes er det mogleg å automatisera utrekning og fakturering ved å henta opplysningane frå matrikkelen, som er eit offentleg register.

Eingongsgebyr:

Eingongsgebyr blir rekna pr. m2 bruksareal (BRA).

Utrekning og fakturering kan automatiserast, og abonnenten kan lett kontrollera at gebyret er riktig ved å kontrollera mot bruttoarealet som er registrert i matrikkelen..

Årsgebyr:

Årsgebyret vil framleis vera delt i eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

Abonnementsgebyret blir rekna ut ved å ganga m2 bruksareal (BRA) med pris pr. m2.

Forbruksgebyret kan reknast etter målt eller stipulert forbruk.

  • Målt vassforbruk føresett bruk av vassmålar. Faktisk forbruk blir gonga med pris pr. m3.
  • Stipulert forbruk: Bruksareal (BRA) blir gonga med ein omrekningsfaktor (talet på m3 pr. m2 bruksareal pr. år) gongar pris pr. m3.

Prisar:

Prissatsane blir ikkje sette i forskrifta, men av kommunestyret i årleg vedtak om prisar på kommunale tenester.

Høyringssvar:

Sjå utkast til lokal forskrift for vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune ved å klikka på denne lenka.

Har du merknader? 

Send til postmottak@os-ho.kommune.no

Ver venleg og vis til saksnummeret 19/927.  

Høyringsfrist: 10. mai 2019. 

Sist endra 12.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30