Aktuelt frå kommunen

Forskingspris til Holdhus oppvekstsenter

Elevar frå Holdhus skule presenterer forskingsoppgåva om fjellnabben Gyttro. - Klikk for stort bilete Maria Midtrød Laurdag var det Hordalands-turnering i First Lego League (FLL), ein teknologi, forskings- og profileringskonkurranse for barn i alderen 10-16 år. 31 elevar frå 5.-7. trinn ved Holdhus oppvekstsenter deltok - og dei stakk like godt av med den gjeve forskingsprisen for sitt arbeid med fjellnabben Gyttro. Fusa kommune gratulerer dei unge forskarane!

Her kan du lesa kva lærar Maria Midtrød skriv om deltakinga i First Lego League-turneringa:

Laurdag var det First Lego League (FLL)-turnering i Bergen og 24 lag frå fylket vårt stilte med ivrige og entusiastiske elevar som har jobba intensivt i åtte veker med temaet Natures Fury – naturens vrede.

Elevane samla i trappa saman med lærar Maria Midtrød - Klikk for stort bilete

 

Holdhus hadde det største laget i Hordaland med 31 elevar. 5.-7.trinn går i lag på Holdhus, og lærarane tenkte eit slikt prosjekt ville vera med på å auka samarbeidet mellom elevane, binda dei saman – og ikkje minst – gjera elevane interesserte i teknologi, forsking og profileringsarbeid.

Problemstilling

Dei to første vekene jobba heile laget saman med å finna problemstilling til forskaroppgåva. 6.-7. trinn var på robotprogrammeringskurs på VilVite-senteret. Me jobba med ulike typar ekstremvêr og naturkatastrofar og laga presentasjonar for kvarandre. Me var òg på felles fjelltur til Gyttro ved Gjønavatnet, som vart tema for vår problemstilling. Dei siste seks vekene jobba elevane inndelt i grupper etter eige val: teknologi, forsking og profilering.

Robotprogrammering

Teknologigruppa hadde ansvar for robotprogrammering og -køyring. Oppdraget var å programmera legoroboten til å utføra oppdrag på ein bane som forestilte jorda sett ovanfrå og ulike naturkatastrofar.  Roboten skulle t.d. utløysa eit lastefly med nødhjelp, løfta opp eit hus slik at flaumen ikkje kunne øydeleggja det, setja opp eit varselskilt osb. Elevane hadde ikkje lov til å røra roboten når den først hadde starta – då måtte dei stola på at programmeringa stemte.

Profilering

Profilering/marknadsføring hadde i oppdrag å profilera laget og ha kontakt med lokalt næringsliv. Dei skulle finna moglege sponsorar og ha kontakt med dei. Profileringa skulle og gjera laget kjend. Gruppa fekk til eit besøk av Os og Fusaposten, dei arrangerte sponsor- og foreldretreff. Dei laga heiarop til konkurransedagen, og dei laga ei utstilling av arbeidet vårt til konkurransen. Dei oppdaterte òg lagsida vår på FLL sine heimesider.

Gyttro

Forskarane arbeidde vidare med problemstillinga som storgruppa valde – nemleg Gyttro. Oppdraget til forskingsgruppa var å finna eit område i vårt nærmiljø som kan vera utsett for ein naturkatastrofe eller ekstremvêr. Området rundt Gjønavatnet sto raskt i elevane sitt fokus. Gyttro er eit fjellparti langsmed Gjønavatnet, som me som bur her, har høyrt mykje om og lurt på. Gyttro har ein stor sprekk, og det har vore sagt at ho kjem til å rasa ut. Om Gyttro rasar ut, vil det danna seg ei stor flodbølgje som vil ramma Gjøn, Hammersland, Eide og Solvang.

Dette tok forskarane fatt i og intervjua m.a. fylkesgeolog Jomar Ragnhildstveit, brannsjef Gunnar Hatlelid, Solveig Louise Haaland som er busett på Gjøn og kjentmann i bygda Leiv Rød. Dei fekk òg god hjelp til å grava i lokalhistorie og litteratur på nett av bibliotekar Margrethe Øhlander Ask

Ut i frå sitt materiale fann forskargruppa ut at det ikkje er umiddelbar fare for at Gyttro rasar ut pga korleis bergartane ligg i området. Men med aukande ekstremvêr og klimaendringar er Gyttro eit område ein skal følgja godt med i framtida. Det vart på 1930-talet satt ned ein bolt i Gyttro  som viser om Gyttro er i bevegelse. Denne skal ein framleis halda eit auge med.

Katastrofevarsling

Del 2 av forskingsoppgåva var å laga ei innovativ løysing som anten kunne varsla om, berga eller vera med å byggja opp att etter ein naturkatastrofe. Forskarane såg ein film frå Åkre-Tafjord, der det var ein sensor som var senka ned i sprekkdanninga for å registrera unormale bevegelsar i fjellet. Elevane fekk då ideen om at det på ein slik sensor òg burde vera ein sendar, som sende varsel umiddelbart til mobilmastene i nærleiken, som så sende signal til alle mobilane i området. Får me varsla raskt, får me berga folk, sa elevane.

Konkurransedagen

To elevar fortel om forskingsprosjektet til Holdhus skule. - Klikk for stort bilete Kvar gruppe presenterte sitt arbeid for eit dommarpanel med forskarar frå Universitetet i Bergen og tilsette i Statoil og Vil Vite.

Det vart delt ut prisar i robotkøyring, teknologisk robotløysing, samarbeid, forsking og profilering.

Forskingssiger

Elevane på prisutdelinga - Klikk for stort bilete

 

Holdhus oppvekstsenter sitt lag ”Midt I Blinken” vann den gjeve forskingsprisen for sitt arbeid med Gyttro! Det var ein jublande glad gjeng som tok i mot prisen og reiste heim til Hålandsdalen etter 12 intense timar på turnering i byen!  Me takkar alle som har støtta oss på vegen, og håper på at me får til deltaking neste år også!
  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30