Aktuelt frå kommunen

Forseinka gjødselspreiing

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Det er høve til å spreia husdyrgjødsel fram til 20. september, melder Bjørnefjorden landbrukskontor. Fusa kommune kan òg gje løyve til spreiing mellom 20.-30. september etter søknad.

Våt og vanskeleg sommar

På grunn av mykje nedbør og blaute bakkar har det vore vanskeleg både å slå og spreia møk i sommar. Landbrukskontoret minner difor om at det er høve til å spreia husdyrgjødsel utan nedmolding fram til 20. september i Fusa og dei tre andre kommunane som er med i det interkommunale landbrukssamarbeidet.

Kor mykje og når?

Landbrukssjef Øystein Svalheim understrekar følgjande:

  • Dersom ein spreier mellom 1. og 20. september, er det ikkje tillate å spreia meir enn 2m3/daa. 
  • Bønder som skal spreia mellom 20. og 30. september, må søkja til kommunen.
  • Etter 1. oktober er det for seint å spreia.

Kva seier lovverket? 

Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav for Fusa, Os og Samnanger kommunar heiter det i § 3:

  • «Landbruksføretak med tilstrekkeleg spreieareal, kan spreie gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling på eng og annan grøde til og med 20. september.
  • For all spreiing av gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling etter 1. september, kan det maksimalt spreiast 2 m³ daa. Mot alle vassdrag skal det setjast att ei sone på minst 10 meter som ikkje skal gjødslast.
  • Kommunen kan, på dei vilkår som er nemnt i forskrift av 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav, gje løyve til seinare spreiing med enkeltvedtak, men ikkje seinare enn 1. oktober.» 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30