Aktuelt frå kommunen

Formannskapet drøftar skulestruktur

Smartboard på Fusa skule. Kommunestyret har bede om vurdering av skulestrukturen m.a. på Fusahalvøya. - Klikk for stort bileteSmartboard på Fusa skule. Kommunestyret har bede om vurdering av skulestrukturen m.a. på Fusahalvøya. Fusa oppv.senter "Me ber rådmannen koma med ei sak til eit ekstra møte i januar der skulestrukturen Holdhus/Eikelandsosen og Fusahalvøya vert vurdert." Slik lydde bestillinga frå kommunestyrefleirtalet (SP, Frp og H) i budsjettvedtaket (PDF, 451 kB) 19.12.2012. Saka er utgreidd (PDF, 235 kB) og ekstramøtet finn stad torsdag 24. januar kl 16 i Kommunetunet.

I budsjettvedtaket heiter det at framdrift i saka må vera slik at ein kan iverksetja eventuelle endringar frå hausten 2013. Målet er å spara pengar.

 

Endring for tre krinsar

I saka "Vurdering av skulestrukturen i krinsane Holdhus, Eikelandsosen, Fusa og Strandvik" (sak nr. 002/13) er det vist 5 alternative skulestrukturar for desse krinsane. 

Kommunestyret løyvde i budsjettmøtet 19.12.2012 pengar til bygging av ny barnehage ved Nore Fusa oppvekstsenter, slik at ein der får samlokalisert skule og barnehage. Det er òg lagt til grunn at det ikkje skal gjerast endringar i Søre Fusa. Formannskapet har tidlegare (30.11.2012) godkjent leigeavtale for Strandvik nye barnehage, som er under bygging.

Ut frå desse politiske vedtaka, omfattar rådmannen sitt framlegg til vedtak berre dei tre resterande skulekrinsane: Fusa, Eikelandsosen og Holdhus.  

 

Ein ny skulekrins

Framlegget til vedtak lyder slik: "§1. Noverande Eikelandsosen skulekrins, Fusa skulekrins og Holdhus skulekrins vert slått saman til ein krins med ein barneskule i den nye krinsen lokalisert til Eikelandsosen. Den nye krinsen får namnet Eikelandsosen, Fusa og Holdhus skulekrins. Elevane i den nye Eikelandsosen, Fusa og Holdhus skulekrins får skulestad Eikelandsosen.

§2. Skulekrinsane Nore Fusa, Strandvik og Søre Fusa får ingen endringar utover at nye barnehagar i Strandvik og Nore Fusa vert samlokalisert med skulane."

 

Ny forskrift om skulekrinsar

Framlegget til vedtak er med heimel i opplæringslova § 8-1 utforma som ei ny "Forskrift om skulekrinsar i Fusa kommune". Rådmannen rår til at den nye forskrifta vert sendt på høyring saman med høyringsnotat. Då kan ein nå politikarane sitt mål om å iverksetja endringar frå hausten 2013. Høyringsfristen er 4 veker.

 

Kva med barnehagane?

Dersom dette framlegget vert vedteke, vert det tre barnehagar som ikkje er del av eit oppvekstsenter: Trollskogen på Fusa, Jettegryto i Eikelandsosen og Holdhus barnehage. I saksutgreiinga vert det peika på ulike framtidsalternativ for desse barnehagane.

  • Dei kan få ein felles einingsleiar med førskulelærarkompetanse.
  • Det kan vurderast om barna i Jettegryto kan flyttast til Holdhus i ein stor barnehage der. Jettegryto kan då evt. brukast til base for funksjonshemma elevar ved ungdomsskulen og barneskulen.
  • Det kan vurderast om Trollskogen kan flytta inn i ledig skulebygg på Fusa.

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30