Aktuelt frå kommunen

Forlenga søknadsfrist til kulturskulen

Arkivfoto frå 2013 - Klikk for stort bileteArkivfoto frå 2013 Harald Geir Sæther

Søknadsfristen for elevopptak til Fusa kulturskule for skuleåret 2015-2016 er forlenga til 20. mars. Det er framleis ledige plassar på dei fleste tilbod. Bruk elektronisk søknadsskjema
Kulturskuletilbod
Fusa kulturskule tilbyr opplæring både individuelt og i små grupper. Tilbodet omfattar for tida opplæring på følgjande instrument:
  • piano
  • keyboard
  • gitar/el-gitar/bass
  • hardingfele
  • saksofon
  • ukulele
  • slagverk
Kulturskulen har òg undervisning i musikkteknologi og i dans, og samarbeider med Fusa sokn om eit tilbod til dei aller minste kalla "Musikk i livets begynnelse". I tillegg kan kulturskulen tilby sal av tenester til skular og frivillig musikkliv.
 
Undervisninga er desentralisert til skulebygg rundt om i kommunen. Meir informasjon finn du på sida til Fusa kulturskule.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30