Aktuelt frå kommunen

Førehandsrøysting til og med 6. september

Vallogo - Klikk for stort bilete

I Kommunetunet i Eikelandsosen kan du stemma måndag-fredag klokka 9-15. I tillegg vert det utvida opningstid 29. og 31. august og 4. og 5. september.

Som innbyggjar i komande Bjørnafjorden kommune, kan du før valdagen stemma anten i Kommunetunet i Eikelandsosen eller i rådhuset i Os.

Utvida opningstider i Kommunetunet

  • Laurdag 24.08. kl. 10-14
  • Torsdag 29.08.kl. 9-17
  • Laurdag 31.08. kl. 10-14
  • Onsdag 04.09. kl. 9-17
  • Torsdag 05.09. kl. 9-17

Hugs å ta med legitimasjon

Du treng ikkje valkortet for å røysta, men det gjer røystegjevinga enklare. Sjå meir informasjon om valkortet.

Veljarar som ikkje er kjende for røystemottakar, visa gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er bankkort med bilete, posten sitt ID-kort, førarkort eller pass.

Ønskjer du meir informasjon om valet?

Sjå valsida vår og den nasjonale valsida valg.no  

Godt val!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30