Aktuelt frå kommunen

Førehandsrøysting 2017

Det er stortings- og sametingsval 11. september. Fusa kommune har lagt tilrette for tidlegrøysting i sommar. Ordinær førehandsrøystingar byrjar torsdag 10. august.

Førehandsrøysting

Du røysta på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet eller i utlandet: sjå info på www.valg.no.

Veljaren er sjølv ansvarleg for å førehandsrøysta på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøystegjevinga kjem til valstyret innan kl 17.00 dagen etter valdagen. 
 
På valdagen 11. september må du røysta i den kommunen du er manntalsført. Du kan berre røysta ein gong.


Tidlegrøysting

Veljarar som har behov for å førehandsrøysta i Fusa i perioden til og med onsdag 9. august, kan  venda seg til tlf. 40415558,  Kommunetunet tlf. 56 58 01 00 eller til post@fusa.kommune.no og gjera avtale om tidspunkt for røysting.

Ordinær førehandsrøysting

Det er ordinær førehandsrøysting i Kommunetunet frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september kl 09.00-15.30.

Utvida opningstider
Kommunetunet Torsdag  31. august kl 09.00 -  18.00
Kommunetunet Laurdag  2. september kl 10.00 – 14.00
Kommunetunet Onsdag  6. september  kl 09.00 – 18.00
Kommunetunet Torsdag 7 . september kl 09.00 – 18.00
  

Førehandsrøysting ved institusjonar i Fusa

Baldersheim helsetun onsdag 6. september kl 10.00 – 12.00
Eikhovdaheimen onsdag 6. september kl 13.30 – 15.00
FBBS/dagsenteret torsdag 7. september kl 10.00 – 12.30
Alle veljarar har høve til å førehandsrøysta på institusjonane; både bebuarane, personale og andre veljarar.
 

Heimerøysting

Veljar, som pga. sjukdom eller uførhet ikkje kan røysta ved ordinær førehandsrøysting eller i vallokalet på valdagen 11. september, kan søkja om å få røysta heime. I søknaden må du opplysa: kvifor du ikkje kan møta i vallokalet, fullt namn, fødselsår og fødselsdato, adresse og telefonnr.
Søknad må vera komen inn til valstyret innan onsdag 6. september kl 10.00: Søknad må sendast til: Fusa valstyre, postboks 24, 5649 Eikelandsosen,  post@fusa.kommune.no eller tlf 56 58 01 00
 

Hugs legitimasjon og valkort!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimera seg.  Det er også ønskjeleg at du tek med valkortet som du får i posten i byrjinga av august. Valkort skal sendast ut til alle med røysterett og som er innført i manntalet i kommunen. 
 
 

Sametingsvalet 2017

 

Førehandsrøysting
I  perioden til og med fredag 8. september kan du røysta på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet.


Dersom kommunen din har færre enn 30 registrerte i Sametinget sitt valmanntal, må du førehandsrøysta.  I Fusa er det derfor førehandsrøysting til sametingsvalet i Kommunetunet med same opningstider som for førehandsrøysting til stortingsvalet.
 
Veljaren er sjølv ansvarleg for å førehandsrøysta på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøystegjevinga kjem til oppteljingskommunen innan kl 17.00 dagen etter valdagen. 
 
Sametinget sitt manntal vert lagt ut i Kommunetunet frå slutten av juli  til og med valdagen 11. september. 
 
 
Meir informasjon på  www.valg.no
 
Eikelandsosen 7. juli 2017
 
Atle Kvåle
leiar i valstyret
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 04.09.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30