Aktuelt frå kommunen

Førebuingane til "nyeskulen" midt i Fusa er godt i gang

Felles fagdag for Holdhus og Eikelandsosen 5.2.16 - Klikk for stort bileteFelles fagdag for Holdhus og Eikelandsosen 5.2.16 Kjersti Søvik

Felles fagdag for dei tilsette, rektorsamarbeid, venskapsklassar, felles utedagar og informasjonsbrev - samarbeidet mellom dei to skulane midt i Fusa som skal verta ein frå hausten 2016, er godt i gang.

Midtre Fusa

Kommunestyret i Fusa vedtok 17.12.2015 å slå saman Holdhus og Eikelandsosen til ein felles skule for elevar som bur på postnummer 5640 med skulestad Brakabygda i Eikelandsosen. Sidan starten av januar 2016 har skuleleiarane ved dei to skulane samarbeidd om denne nye skulen for midtre Fusa. 

Elevar som i dag har skuleplass på Holdhus og er busett i Søre Fusa vert også rekna med i elevgrunnlaget til «nyeskulen», opplyser Kjersti Søvik, som er tilsett som rektor for den nye skulen. Ho er i dag rektor på Holdhus. Eikelandsosen-rektoren Olav Aarvik vert assisterande rektor på nyeskulen.

Lærarar på plass

Dei fleste pedagogane og assistentane som skal arbeida ved «nyeskulen» er alt tilsette og har arbeidd med samanslåingsprosessen frå nyttår. 5.2. hadde dei felles fagdag - med første del av dagen på Holdhus og siste del i Eikelandsosen. 

F.v. Elin Eikeland Rød, Randi Karin Øvreås, Torhild Olsen Kjønn, Kjersti Søvik, Audhild Ljones, Ester Solsvik Bruvik, John Inge Sævold, Lillian Eikeland Holmefjord, Maria L. Midtrød, Elin Kvinge, Solfrid Lundervik, Arnhild Nordtveit, Agnete D. Aarvik og May Helen Sørli Orra. - Klikk for stort bilete

På biletet f.v.: Elin Eikeland Rød, Randi Karin Øvreås, Torhild O. Kjønn, Kjersti Søvik, Audhild Ljones, Ester S. Bruvik, John Inge Sævold, Lillian E. Holmefjord, Maria L. Midtrød, Elin Kvinge, Solfrid Lundervik, Arnhild Nordtveit, Agnete D. Aarvik og May Helen S. Orra.

Pedagogar som ikkje var med på biletet er Margunn Sæther, Laura Waage, Anne Koldal Glesnes og Olav Aarvik. I staben som alt er på plass, er også Margareth Berge, Stine Alise Henanger, Laila Irene Neset, Merete Midtrød, Kirsten Nordtveit og Nils Petter Pedersen.

Venskapsdagar for elevane
 

Skileik på Holdhus. - Klikk for stort bileteSkileik på Holdhus. Solfrid Lundervik Det er laga ein plan for venskapsklassar, og i februar og mars har det vore felles utedagar på Holdhus i det fine vintervêret for ulike klassar med både skileik og bål. Matematikk, song og felles høgtlesingsstund stod òg på programmet for 3. klassingane, og det var stas å ha gjester inne i klasserommet i matøkta, fortel Kjersti Søvik. Ho legg til at det er planlagd ulike bli-kjend- og friluftsaktivitetar tilpassa kvart årssteg framover vinter og vår. Det vert aktivitetar inne og ute, til fjells eller i skogen.

Trygge elevar

Sosial tilhøyrigheit og trygge og gode læringskollektiv i kvar klasse er det heilt sentrale for den nye skulen, understrekar rektoren. Difor er det viktig for henne at alle elevane ved den nye skulen skal oppleva at dei kjenner medelevar og vaksne når dei startar det nye skuleåret i august. 

Meir om samanslåingsprosessen for Holdhus og Eikelandsosen skular finn du i informasjonsskriva som er sende til heimane til elevane ved Holdhus og Eikelandsosen skular:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30