Aktuelt frå kommunen

Førebu deg på storm og ekstremvêr

Naturberedskapsillustrasjon - Klikk for stort bilete

Meteorologisk institutt melder at det fredag ettermiddag og kveld er venta sterk storm og kan henda orkan på kysten av Hordaland, med vindkast på 35-50 m/s inn over land. Følg råda frå "Sikker hverdag" for å unngå at hus og hage blir skadd unødvendig av storm.

Ekstremvêret "Tor"

Meteorologisk institutt varslar ekstreme vêrforhold under ekstremvêret "Tor": Fredag ettermiddag og kveld er det venta vest og sørvest sterk storm og kan henda orkan på kysten av Hordaland, med vindkast på 35-50 m/s inn over land. Det blir høge bølgjer inn mot kysten. Signifikant bølgjehøgde er venta å bli 11-13 meter.

Førebu hus og hage på storm:

  • Rydd hagen: sikra store gjenstandar, flytt mindre gjenstandar inn.
  • Sjekk taket for laus takstein og lause plater.
  • Sørg for at takrenner, antenner og presenningar er godt festa.
  • Sjå etter at lauv og anna ikkje tettar takrenner, avløp og sluk.
  • Lukk vindauge og dører godt til.

Du finn fleire tips på Sikker hverdag si side "Din beredskap". 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30