Aktuelt frå kommunen

Forbodet mot open eld er oppheva

Bål - Klikk for stort bilete

Brannsjefen i Fusa har oppheva forbodet mot open eld, som vart innført 13.5. for å unngå utmarksbrannar. 

Skogbrannindeks

Meteorologisk institutt reknar ut skogbrannfaren for rundt 100 stader over heile landet. Skogbrannfaren vert spesielt overvaka frå ca 1. april til ca 1. september, men òg ellers i året dersom det oppstår stor fare for skogbrann.

Brannsjef Gunnar Hatlelid opplyser at det ikkje er målepunkt for skogbrannindeksen i Fusa kommune, men at vi kan rekna med at skogbrannindeksen for Fusa ligg på minst same nivå som for Bergen. Der vert han målt på Florida.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30