Aktuelt frå kommunen

Forbod mot open eld i Fusa

Skilt utforma som kvit trekant med raud kant og svart ropeteikn. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete Brannsjefen i Fusa har innfører forbod mot open eld frå og med fredag 13. mai for å unngå utmarksbrannar. Forbodet gjeld inntil vidare og vert vurdert fortløpande.

 

"Det tørre, varme vêret vi har no medfører uttørking av vegetasjonen og dermed auka brannfare. Brannsjefen innfører difor forbod mot open eld med heimel i Forskrift om brannførebygging § 3 frå og med fredag 13. mai," opplyser brannsjef i Fusa Gunnar Hatlelid

Kvar?

Forbodet gjeld i skog, i anna utmark og i område som grensar til skog og utmark, også på tilrettelagte bål/grillplassar. Forbodet vert innført for å unngå utmarksbrannar.

Svært stor skogbrannfare

Skogbrannindeksen målt på Florida i Bergen viser "meget stor skogbrannfare" for dagane framover. "Det er ikkje målepunkt for skogbrannindeksen i vår kommune, men vi må rekna med at skogbrannindeksen for Fusa ligg på minst same nivå som for Bergen," kommenterer brannsjef Hatlelid.

Forbodet gjeld inntil vidare og vert vurdert fortløpande. Oppheving av forbodet vil bli varsla på Fusa kommune sine nettsider. 

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30