Aktuelt frå kommunen

Folketalsauke i Fusa i 2017

Vinnestur - Klikk for stort bilete

Folketalet i Fusa var ved årsskiftet 3.920. Det er ein auke på 25 personar sidan året før, eller 0,6%. Os er saman med Fjell den kommunen som aukar mest i fylket med sine 20.573 innbyggjarar ved utgangen av 2017 og ein vekst på 2,1%. Nye Bjørnafjorden kommune vil truleg runda 25.000 menneske i løpet av 2018.

Folketalet i Noreg var 5.295.619 ved årsskiftet, ein auke på 0,7% frå året før. I Hordaland var auken 0,5%.  Fleire kommunar i indre strok av fylket har ei negativ utvikling. I  Midthordland er det folketalsnedgang i Samnanger med 1%, medan folketalet har svak vekst i Tysnes og Bergen med 0.4 %.

Det vart fødd 35 fusingar i 2017, medan talet på dødsfall var 32. Auken i folketalet i Fusa skuldast i hovudsak tilflytting frå utlandet. Sjå fleire tal i statistikkane til SSB.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 28.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30