Aktuelt frå kommunen

Folketalet i Fusa aukar

FusaFriskus-ill.kopi.jpg - Klikk for stort bilete

I løpet av 2016 auka folketalet i Fusa med 19 personar og var ved årskiftet på 3895 innbyggjarar. Fusa har framleis få fødslar, berre 24 nye fusingar kom til verda i 2016, og det er netto innflytting som sikrar auken i folketalet, syner tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Fødselsunderskot

Medan talet fødslar var 24 hadde Fusa 42 dødsfall i løpet av 2016, noko som gjer at Fusa har eit fødslesunderskot. Fusa er einaste kommunen i regionen som har fødselesunderskot.

Nettoinnflytting på 37 personar gjer at Fusa likevel kjem ut med positive tal for folketalsutviklinga. I følgje SSB forventar ein at Fusa skal ha eit folketal på 4146 i 2030 og 4311 innbyggjarar i 2040. Folketalsauken i 2016 er på vel 0,5%. I Samfunndelen til kommuneplanen har Fusa kommune som mål at folketalet skal auka med 0,8% per år i perioden 2011-2023. Sjå fleire kommunefakta om Fusa frå SSB.

Sterk auke i Os

Fleire av nabokommunane våre har positive tal å syna til. I Os auka folketalet med 410 personar til 20.152. Os har både fødselsoverskot og netto innflytting, og heile 2% auke i folketalet gjennom året. Her ventar SSB at folketalet når 26.333 i 2030 og heile 30.061 i 2040.

Auke også i Tysnes og Samnanger

Tysnes hadde ein auke i folketalet på 50 personar og hadde ved årsskiftet 2847 innbyggjarar. 38 nye tysnesingar kom til verda og dei hadde eit netto fødselsoverskot på +10. Den prosentvise auken i folketalet var på 1,75%. Samnanger hadde også ei positiv utvikling med folkevekst på 45 personer til 2488. Her var det 39 barnefødslar, men berre 21 dødsfall. Samnanger har både fødselsoverskot og netto innflytting, og ein samla vekst på 1,8%.

Nedgang i Kvam og Kvinnherad

Både Kvam og Kvinnherad har negativ utvikling i folketalet. Kvam vart 52 færre i 2016 og enda på 8424 innbyggjarar. Dei har fødselsoverskot, men netto utflytting. Tala er likevel små og reduksjonen utgjer berre 0,6%. Endringane i Kvinnherad er endå mindre.

 

 

 

 

 

 





 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30