Aktuelt frå kommunen

Folkehelseprosjekt i Jettegryto

Jettegryto barnehage har oppgradert uteområdet og turplassen Jetteskogen. Arbeida er finansiert og realisert m.a. med tilskot frå folkehelsemidlar og stor foreldredugnad.

Gjennom ”Prosjekt uteområde” har foreldre og personale i Jettegryto barnehage jobba sama for å utvikla uteområdet i barnehagen. Gjennom bruk av tilskot frå regionale folkehelsemidlar, kommunale investeringsmidlar til leikeplassar og foreldredugnadar har borna fått nye utfordringar både i barnehagen og på turplassen Jetteskogen.

I Jetteskogen har barnehagen fått gapahuk, klatreløype og grue. I barnehagen har ein fått 3 nye leikeapparat som er monterte av ei arbeidsgruppe på Fusa ungdomsskule. Barnehagen rettar ein stor takk til Fusa ungdomsskule for samarbeidet og til foreldra for sin dugnadsinnsats!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.11.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30