Snorklipping
Som seg hør og bør ved opninga av eit slikt flott bygg, var det høgtidleg snorklipping. Ordførar Atle Kvåle klipte snora i raudt, kvitt og blått, godt assistert av leiar i Fusa idrettsråd Liv Nyheim Kilen og store og små hallbrukarar.
Takk til dei som har fått hallen på plass
Medan publikum kosa seg i hallen og testa ut styrkerom og klatreveggar, var det òg ei offisiell samkome for økonomiske støttespelarar, entreprenør, prosjektleiing og kommuneleiing i Fusa og Os. I heile prosessen har representantar for idretten i Fusa vore sterkt medverkande, og dei var sjølvsagt òg til stades på samkoma.
Fusa kommune vil retta ei stor takk til alle dei som har medverka til at Fjorden arena no er klar til å takast i bruk.
Ope for IL og skular, snart også for enkeltpersonar
Frå og med måndag 26. august er idrettslag og skular i gang med å bruka Fjorden arena. Det er enno nokre tekniske ting med m.a. tilgangsstyring og betalingsordningar som må på plass før også enkeltpersonar kan ta tilboda i hallen i bruk. Følg med på Fjorden arena si facebook-side for oppdateringar!