Aktuelt frå kommunen

Følg UKM-festival på Oseana

Pernille Wensel - Klikk for stort bilete Det er UKM-festival for heile Hordaland på Oseana 6.-7. april. Os og Fusa er godt representerte med unge talent både i ei stor kunstutstilling og eit sceneprogram som går over to dagar. Du finn meir informasjon på ukm.no og kan følgja programmet på direkten via direktesending.

Festivalen opna kl 13.00 laurdag med første programmet frå storsalen i Oseana. Kunstutstillinga har offisiell opning kl 15.00 laurdag og har fått boltra seg i heile det store utstillingsrommet i kjellaren, som til vanleg hyser Grieg-samlinga.

Dei no neste øktene på scena har start kl 16.00 og 18.00. Rockebandet Blooming Bruises frå Fusa får æra av avslutta laurdagskvelden med hardtslåande rockemusikk.

Søndag er det to sceneprogram. Det første med start kl 13.00 og det andre kl 15.00. Utstillinga vil vera open fram til kl 15.00 søndag.

Det er gratis inngang for alle under 20 år og 100 kroner billetten for dei over. Stikk innom og få med deg kva kreativ kulturell ungdom i Hordaland kan by. Du blir garantert positivt overraska!

Det er i alt 250 ungdomar samla frå heile Hordaland. I tillegg til det offentlege programmet i Oseana har ungdomane meldt seg på kulturverkstader med ulike tema begge dagar og ikkje minst har dei mykje morro med å bu i lag på eigen festival-camp.

Det er Hordaland fylkeskommune som står ansvarleg for festivalen i samarbeid med kommunane i Hordaland.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30