Aktuelt frå kommunen

Fokus på alkohol og psykisk helse

Kampanjelogo - Klikk for stort bilete

Fusa er ein AV-OG-TIL-kommune og samarbeider med AV-OG-TIL om haldningsskapande arbeid og bevisstheit omkring skadeleg alkoholbruk. No er det kampanjeveke for alle AV-OG-TIL-kommunane i landet om alkovett. Å ha alkovett vil seia å ha eit reflektert forhold til si eiga drikking, og at ein tenkjer over kva som er bra for ein sjølv og dei rundt seg. I denne kampanjeperioden er det fokus på alkohol og psykisk helse.

 

Unngå å fylla på med meir når det er litt for mykje

I løpet av livet er det heilt vanleg å gå igjennom tøffe periodar. Det kan vere alt frå å oppleva samlivsbrot til å ikkje vera i jobb, å bli alvorleg sjuk eller å mista nokon ein er glad i. Samtidig kan mindre alvorlege hendingar som periodar med mykje stress, dårleg søvn eller ei kjensle av å ikkje takla kvardagen vera ein trigger og utløysa eit risikofylt drikkemønster. Det er dessverre slik at alkohol kan føra til at ein vanskeleg periode i livet kan bli endå tøffare å komme igjennom.

 
Alkoholvanar kan bli alkoholproblem
Å drikka alkohol etter ein slitsam dag, for å kopla av, for å føla seg betre eller for å meistra ein sosial situasjon, er vanleg og akseptert. Men, for enkelte kan dette vera starten på ein karusell som ikkje stoppar av seg sjølv. Somme opplever det òg som ei utfordring å gå tilbake til kvardag og jobb etter ein lang ferie. Dersom ein har lagt om alkoholvanane i ferien, kan det vera vanskeleg å komma tilbake til eit meir nøkternt forbruk når kvardagen begynner igjen. Ein fuktig ferie er for nokre starten på eit problematisk forhold til alkohol.
 
Kva gjer du dersom du kjenner nokon som slit? 
Snakk med personen det gjeld, fortel at du er uroa over drikkinga hans eller hennar. Det er lurt å stille opne spørsmål, til dømes: «Eg har lagt merke til at du har drukke mykje i det siste, kanskje det er noko som plagar deg?». Ikkje rekn med at du får personen «på rett kjøl» med ein gong. Gjennom å visa at du bryr deg, kan du bidra til at han eller ho blir bevisst på sin eigen situasjon og ikkje bruker alkohol som «hjelpemiddel» i den krevjande perioden.
 
Kor kan ein få hjelp?
Både den som slit med alkoholproblem, og pårørande kan få hjelp fleire stader. Snakk med fastlegen, ring RUStelefonen eller ta ein prat med helsesøster. RUStelefonen har nummer 08588 og er open frå måndag-søndag kl. 11-19. Alle som tek kontakt med tenesta, er anonyme.
 
Meir info om alkovett
Ønskjer du meir informasjon om alkovett, ta kontakt med Synne Stagrim Håve som er lokal AV-OG-TIL-koordinator. Du kan òg lese meir om temaet på AV-OG-TIL sine nettsider, http://avogtil.no/
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 19.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30