Aktuelt frå kommunen

Flyttemarsj til nyebarnehagen på Holmefjord

Flyttemarsj: Holmefjord barnehage togar nedover til den nye barnehagen - Klikk for stort bileteFlyttemarsj: Holmefjord barnehage togar nedover til den nye barnehagen

Måndag 27. april vart ein merkedag for barnehagebarna på Holmefjord. Denne vakre vårdagen dagen kunne dei flytta inn i nytt barnehagebygg ved Nore Fusa oppvekstsenter. Overgangen vart markert med flyttemarsj, flagg, bollar og song.

Etter frukost og samlingsstund i gamlebarnehagen i Bygdaheimen gjorde barn og tilsette seg klokka 09.45 klare til den lange marsjen ned til det nye barnehagebygget ved Nore Fusa oppvekstsenter. Førskulebarna var alt på plass på skulen, der dei hadde førskuledag. Dei andre feira heile vegen nedover med flagg og ballongar.

"Ved den nye barnehagen vart me møtt med velkomstbanner og flott song av alle elevane ved skulen og våre førskulebarn," fortel pedagogisk leiar i Holmefjord barnehage Birgitte H. O. Skibenes.

Feiringa heldt fram med bollar, som foreldra hadde baka, til lunsj og sjokoladekake frå skulen i "fruktpausen".

Fusa kommune gratulerer!

Fotograf: Birgitte H.O. Skibenes Styrar i Holmefjord barnehage Bente Ådland og førskulebarna i barnehagen møtte resten av gjengen ved den nye barnehagen. Dei hadde førskuledag på skulen. | Fotograf: Birgitte H.O. Skibenes Elevar og lærarar på Nore Fusa oppvekstsenter tok imot barnehagebarna med song og flagg. | Fotograf: Birgitte H.O. Skibenes Fotograf: Birgitte H.O. Skibenes
Fotograf: Birgitte H.O. Skibenes Fotograf: Birgitte H.O. Skibenes
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30