Aktuelt frå kommunen

Flyttar inn i nybygget på Leiro i Eikelandsosen

Helsesjukepleiarane, kommuneoverlegen og kommunepsykologen flyttar frå den gamle til den nye delen av Fjord'n Senter. - Klikk for stort bileteHelsesjukepleiarane, kommuneoverlegen og kommunepsykologen flyttar frå den gamle til den nye delen av Fjord'n Senter. Anne Skagseth

Dei kommunale tenestene som har halde til i 2. etasje i Fjord'n Senter flyttar denne veka inn i flunkande nye lokale i nabobygget. Helsestasjon, jordmorteneste, PPT, kommunepsykolog, tenestekontor, flyktningeteneste, sosialteneste, demenskontakt, kommuneoverlege og barnevern får no besøksadresse Leiro 33.

 

Helsestasjonen flyttar til nye lokale

Det er hektisk aktivitet på helsestasjonen og nabokontora i 2. etasje i gamle Fjord'n Senter i desse dagar. Helsesjukepleiarane Randi Haugse Rød (bildet f.v.) og Aslaug Singelstad, kommuneoverlege Klaus Melf, helsesjukepleiar Susanne Ulvenes, leiande helsesjukepleiar Astrid Gaupholm og kommunepsykolog Line Skiftesvik pakkar ned alt for å flytta over til nye Fjord'n Senter.

Dersom du har bruk for ei av desse tenestene, finn du dei no i nybygget med besøksadresse Leiro 33.

Les meir om dei ulike tenestene

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30