Aktuelt frå kommunen
Earlybird Stringband spelar på FBBS | Fotograf: FBBS
Earlybird Stringband heldt konsert på FBBS 12.7. fotograf FBBS
Fotograf: FBBS
Bebuarar og tilsette fekk ei flott konsertoppleving midt i fellesferien fotograf FBBS

Flott konsertoppleving på FBBS

Torsdag 12. juli lydde det bluegrassrytmar frå stova på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) i Eikelandsosen. Earlybird Stringband med fusingen Hans Martin Austestad inviterte bebuarar og tilsette til gratiskonsert, og FBBS melder om ei flott oppleving for alle.

Earlybird Stringband er eit kjent bluegrassorkester, der ein av medlemmene, Hans Martin Austestad, er frå Eikelandsosen. Dei andre medlemmene i bandet er: Erlend Vike, Christer Skaugen, Audun Skjølberg, Olav Christer Rossebø og Sebastian Haugen-Markussen.

Dei laga ei flott konsertoppleving for bebuarar og tilsette på FBBS denne torsdag ettermiddagen midt i fellesferien, fortel einingsleiar Gerd Syvertsen på FBBS.
Ho legg til at vêret dessverre ikkje var slik at ein kunne halda til ute i sansehagen, men det vart ei fin oppleving på stova også. Syvertsen rettar ei stor takk til alle aktørane!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.07.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30