Aktuelt frå kommunen

Flott "Fusaveke" på Hålandsdalen leirskole

Undervisning på den største holmen i Skogseidvatnet - Klikk for stort bileteUndervisning på den største holmen i Skogseidvatnet Maria Midtrød

I førre veke var alle 7. klassingar i Fusa på Hålandsdalen leirskole. Dette er eit fast tilbod til dei som går i 7. klasse og er ein del av Fusanisto, den kulturhistoriske delen av Den kulturelle skulesekken. Her kan du lesa eit reisebrev frå ei fantastisk haustreise i eigen kommune og eigen kulturhistorie, ført i pennen av ein av lærarane som var med, Maria Midtrød. 

Fusaveko 2013

23. september - ein vakker haustmorgon i Hålandsdalen - møtte 62 spente 7. trinnselevar frå heile Fusa kommune til leirskule. Framfor oss låg ei heil skuleveke vekke i frå den kjende skulekvardagen - og vekke frå heimen. Me vart tekne vel i mot av  rektor Anne og avdelingsleiar Herman Håland (hund type Berner Sennen), og me kom raskt i gang med samarbeidsleik for å bli betre kjende. På kryss og tvers av skulane jobba me i lag med diverse rare og smarte oppgåver. Isen vart raskt broten og god kontakt var etablert.

Utsikt over Hardangerfjorden på veg til Strandebarm - Klikk for stort bileteUtsikt over Hardangerfjorden på veg til Strandebarm Maria Midtrød

 

Kvar dag var det undervisning av dei dyktige leirskulelærarane. Ei morgonøkt i ungdomshuset før me la ut på tur, god leiing gjennom turen, undervisningsopplegg undervegs og oppsummering om kvelden. Me opplevde mykje på dei ulike turane: Padletur på blikkstille Gjønavatnet inn til Kikedalen, bratte bakkar, ein utfrodrande stige og nydeleg utsikt over ferdslevegen til Strandebarm, padling på Skogseidvatnet gjennom kanalen på Drageide til Henangervatnet, og den siste dagen spelte me rollespel i gamlekyrkja på Holdhus. 

Desse dagane lærte me svært mykje om livet i Fusa i gamle dagar, meir enn me nokon gong ville lært i klasserommet. No såg og kjende me sjølve korleis det ein gong har vore i kvardagslivet her i kommunen. Me erkjende at kvardagen vår i 2013 er ein heil del enklare enn kva det var før i tida…

7. klassingane frå Fusa på padletur i Skogseidvatnet. - Klikk for stort bilete7. klassingane frå Fusa på padletur i Skogseidvatnet. Maria Midtrød

 

Me braut ein sirkel - fusaveka er kjend for å ikkje ha vêret på sin side. Denne sirkelen braut med så til dei grader. Sola skein kvar dag, og me fekk sjå kor vakker naturen i kommunen vår er. Maten på leirskulen er verd eit avsnitt i seg sjølv. Fantastisk personale diska opp med nydeleg frukost kva morgon. Me sette rekord i brødeting! Kvar dag vart det servert nydeleg middag med dessert og om kvelden fekk me deilig frukt. 

Om kveldane hadde me oppsummering og førebuing til neste dag. Eit par kveldar hadde me underhaldning for kvarandre, der til og med eit par lærarar slo seg laus i gangnamstyle. Fredag var siste dag på leirskulen.

Samling av 7. klassingane frå Fusa på første dag av leirskuleopphaldet. - Klikk for stort bileteSamling av 7. klassingane frå Fusa på første dag av leirskuleopphaldet. Maria Midtrød

 

Mange nye venskap var etablert, nye treff vart avtalt, og rektor Anne minna oss på kva leirskulen er: Læring for livet! Me lærte mykje om oss sjølve denne veka - både om oss sjølve her i dag, om historia vår, om å vera tett i lag over fleire dagar, om å vera heimifrå, om å samarbeida godt, om å visa respekt for kvarandre, om å vera tilstades her og no og ta til seg dei opplevingane som ligg framfor. Me er så takksame for at me har fått oppleva denne veka - og me vil understreka kor viktig denne veka er for denne aldersgruppa i kommunen vår.

Ei heil veke med læring for livet! Tusen takk for oss!
På vegne av alle i 7. klasse i kommunen og lærarane:
          
Maria Midtrød, kontaktlærar Holdhus oppvekstsenter

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.10.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30