Aktuelt frå kommunen

Fjorden arena er endeleg godkjend

Fjorden arena 30.07.2019 - Klikk for stort bilete

Søndag 25. august klokka 12 vert det offisiell opning av Fjorden arena, Fusa si nye storstove. Fylkesmannen i Vestland har no avvist naboklagen i byggesaka endeleg. Fylkesmannen legg stor vekt på at fleirbrukshallen har store samfunnsmessige fordelar og er viktig i eit folkehelseperspektiv. 

Dispensasjon, endringar og klager

Utval for plan og miljø (UPM) vedtok 28.03.2019 å innvilga mellombels dispensasjon frå arealplan og plan- og bygningslov pluss endringar av fleirbrukshallen som følgje av at klatrehall er inkludert i bygget. Det utgjer ca. 330 m2 større bruksareal og auka takhøgde. Det kom naboklager på dette vedtaket. UPM avviste samrøystes klagen i møte 15.05.2019, og saka vart sendt til Fylkesmannen i Vestland for endeleg avgjerd. 

Fylkesmannen i Vestland har no handsama klagen og stadfestar Fusa kommune v/Utval for plan og miljø sitt vedtak frå 28.03.2019.

I svarbrev til klagarane med kopi til Fusa kommune og Hugaas entreprenør AS (sjå svarbrev (PDF, 388 kB)), datert 18.07.2019, er det slått fast at Fylkesmannen finn saka tilstrekkeleg opplyst (jf. forvaltningslova § 17).

Fylkesmannen slår vidare fast at på grunn av høgda på bygget, krev tiltaket dispensasjon. To vilkår må oppfyllast for å gje dispensasjon – dei to spørsmåla som må stillast er:

1. Vert omsyna bak plankravet "vesentlig tilsidesatt" dersom ein gjev dispensasjon?

2. Er fordelane ved å dispensera klart større enn ulempene? Med andre ord i dette høvet: Er fordelane for samfunnet større enn endringane for naboane?

Fylkesmannen si vurdering

Fylkesmannen sluttar seg i det vesentlege til kommunen si vurdering i vedtaket frå 28.03.2019 inkludert saksframlegg, og i handsaming av klagen 15.05.2019.

Fylkesmannen finn at vilkåra for å dispensera frå plankrav i pbl § 29-4 er oppfylt (jf. pbl § 19-2).

Fylkesmannen uttrykkjer vidare forståing for at tiltaket har negative verknader for eigedomane bak, at auka høgde fører til utsiktstap, og at det i prinsippet er uheldig å dispensera, m.a. fordi det kan føra til redusert medverknad.

Fylkesmannen finn likevel at omsynet til medverknad stort sett er ivareteke i denne saka: gjennom lang prosess, nabovarsel, høve til å senda inn merknader til kommune og Fylkesmann, nabomerknader gjennomgått og vurdert i to instansar og kommunal synfaring på staden for å sjå på utsiktstapet. Fylkesmannen understrekar at merknadar ikkje alltid fører fram, og det gjeld òg i ein planprosess.

Vidare vert det kommentert at tiltaket er i samsvar med arealføremålet, og at bygget ligg i tilknyting til eit godt etablert utandørs idrettsanlegg.

Fylkesmannen viser til at auka takhøgde imøtekjem idrettsfunksjonelle krav til mellomstore klatreanlegg - og krav for å få statstilskot. Ønsket om å leggja til rette for god utnytting for fleire idrettar og mange brukargrupper tel positivt. "Vi legg i vår vurdering stor vekt på at eit slikt anlegg, med dei takhøgdene, har store samfunnsmessige fordelar, og er viktig i eit folkehelseperspektiv."

Sjølv om det vil tapast ein del utsikt mot sjøen, ettersom hallen ligg mellom bustadane og sjøen, meiner Fylkesmannen at det likevel er god avstand mellom hallen og tomtegrensene. "Desse tomtane ligg òg høgare enn bakkenivået der hallen er bygd. Det er såleis framleis godt med luft og lys rundt bygningane, og dei har i behald ein del av utsikta dei ut frå utviklinga på staden kan venta seg".

Fylkesmannen understrekar at dispensasjon er gjeve midlertidig, i påvente av utarbeiding av ny plan for området. "Det vil såleis ikkje kome andre eller høgare tiltak på staden før dette eventuelt er fastsett i plan."

Avviser klagen

Fylkesmannen i Vestland oppsummerer slik:

"Etter ein gjennomgang av saka sine faktiske og rettslege sider har ikkje Fylkesmannen funne grunn til å setja til sides Fusa kommune v/Utval for plan og miljø sitt vedtak av 28.03.2019. Klaga har ikkje ført fram.

Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd.»

 

 

Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 31.07.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30