Aktuelt frå kommunen
Barnehageborn. Foto | Fotograf: Grom
Folketalet i Fusa viser ein svak auke så langt i 2012. Her er glade barn i Holmefjord barnehage (Arkivfoto: GROM 2011). fotograf Grom

Fire fleire fusingar

Folketalet i Fusa har auka med fire i løpet av dei ni første månadane i 2012, viser dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Pr. 1.10.2012 hadde Fusa såleis 3815 innbyggjarar. Lurer du på korleis utviklinga har vore i nabokommunane?

Opp og ned

Den største veksten kan - som vanleg - "storebror" Os skilta med: Der auka folketalet med 1,6 % eller 288 personar til 18 014. Også Samnanger kan gle seg over mykje større auke enn Fusa: Medan Fusa har auka med 0,1 %, har Samnanger auka med 1 % - dvs 23 personar - og folketalet er no oppe i 2440.

Kvam kan visa til ein auke på 43 personar eller 0,5 % og er no oppe i 8565 innb., medan Kvinnherad har måtta tola ein nedgang på 5 personar. Dette utgjer likevel tilnærma null prosent, og samla folketal er på 13 313.

Også Tysnes har hatt nedgang med minus 26 personar eller heile -0,9 % til 2740 innb. 

Stor mobilitet, få fødslar i Fusa

I 2011 minka folketalet i Fusa med 40 eller 1,04 %. Det var første året med nedgang sidan 2004. Så langt i år har det gått både opp og ned: Pr. 1.7.2012 var auken på 8, pr. 1.10. var han minka til 4. Dette skuldast større utflytting enn innflytting i løpet av 3. kvartal.

Så langt i år er det fødd 21 barn i Fusa, medan 28 personar har døydd. Mobiliteten er stor: 125 personar har flytta til Fusa - av desse 23 frå utlandet - medan 114 personar har flytt frå kommunen - av desse 13 til utlandet.

I kommuneplanen har Fusa som mål ein årleg folketalsauke på 0,8 %.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.11.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30