Aktuelt frå kommunen

Finevêrs-SFO i haustferien

Spreke SFO-barn på tur til Øyrane - Klikk for stort bileteSpreke SFO-barn på tur til Øyrane Linda Ann Lohne Det var strålande vêr i haustferien, og det fekk òg dei barna som var med på Fusa kommune sitt SFO-tilbod, nyta. Fjelltur, sykkeltur, besøk i Akvariet i Bergen og på brannstasjonen i Eikelandsosen stod på programmet.

Stor aktivitet

SFO-leiar Linda Ann Lohne ved Fusa skule, der SFO-tilbodet i kommunen er basert i skuleferiar, melder om ei flott veke med stor aktivitet.

"Vi har vore på tur kvar dag og nytt at det var så fint vêr. Tirsdag var det fjelltur til Øyrane frå Koldal. Det var ein sprek gjeng som fauk opp igjennom liene!" fortel Lohne.

Onsdag gjekk turen til Akvariet. SFO-barna syns det var stor stas å få oppleva både haitunnellen og selshowet.

Sykkeltur på sykkelsti

Sykkeltur til Skjørsand kai stod på programmet torsdag. "Nokon kunne tenkt seg at vi hadde sykla lenger, men sykkelstien stoggar der. Vi sender hermed eit ønske til politikarane om at dei må satsa meir på sykkelstiar i Fusa, slik at barna kan sykla trygt på tur eller til og frå skulen," seier SFO-leiaren.

Brannsløkking

Siste dagen på haustferie-SFO vart barna inviterte til brannstasjonen i Eikelandsosen, der brannsjef Gunnar Hatlelid og feiar Roger Ulland tok imot dei.

"Der fekk vi sløkkja brann med pulverapparat og leika at det var brann i det store furutreet, som vi måtte sløkkja med dei svære brannslangane. Vi fekk òg prøva treningsrommet til brannmennene, og besøket vart avslutta med ein quizz for å testa kunnskapane om korleis ein førebyggjer slik at det ikkje blir brann heime," fortel Lohne. Ho legg til at barna scora så bra på quizzen at det vanka flotte premiar som caps, skopose og refleks frå brannsjefen og feiaren. 

Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30