Aktuelt frå kommunen

Festspel-vorspiel i Torsdagsakademiet

Andvake-trilogien - Klikk for stort bilete

Det er verdspremiere for den kritikarroste kjærleikstrilogien Andvake av Jon Fosse under Festspillene i Bergen i mai. Torsdag 19. april kl 19.00 kan du møta teatersjef ved Hordaland teater og Fosse-ekspert Solrun Toft Iversen til ein «førprat»om Jon Fosse sitt forfattarskap i Fusa folkebibliotek. Det blir òg opplesing av utdrag av Andvake. 

Fusa folkebibliotek ønskjer med dette at folk skal bli betre kjende med Andvake-trilogien. Med verket har Jon Fosse med endå større styrke spelt seg inn i verdslitteraturen sin superliga.

Forfattarskapen til Fosse har famna mange sjangrar, og ikkje minst har han ei internasjonal karriere som dramatikar. Med uroppføringa av trilogien kjem kjærleikshistoria om Alida og Asle som vandrar huslause rundt i Bjørgvin i nytt lys. I Fosse si stramme form glir forteljinga fram over eit vestnorsk grunnfjell med universell resonans.


Vi håper publikum vil nytta høve til å bli betre kjend Jon Fosse sin forfattarskap. Han høyrer til verdslitteraturen, men er òg ein lokal  forfattar med slektsband til Fusa, seier biblioteksjef i Fusa Martine Durban Jahr. Jon Fosse er oppvaksen i Strandebarm og bur i dag mellom anna i kunstnarbustaden «Grotten» i Oslo.

Som vanlleg er det inngang kr 100,- og enkel servering. Arrangementet er eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek og siste program i Torsdagsakademiet denne våren.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30