Aktuelt frå kommunen

Fest for Tyssetunnelen

Leiar i samferdsleutvalet Gustav Bahus, Samnangerordførar Marit Åse, medhjelpar Wilhelmine Høysæter Kolltveit, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og regionvegsjef Helge Eidsnes ved opning av Tyssetunnelen - Klikk for stort bilete Terje Raunsgard

Det var folkefest på Tysse i går då Tyssetunnelen vart offisielt opna. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen kutta snora. Ordførar i Samnanger Marit Åse, fylkesordføraren og regionvegsjef Helge Eidsnes heldt talar, før det var folkefest på skuleplassen ved Samnanger ungdomsskule.

Alle gode krefter som har arbeidd for å realisera dette prosjektet vart takka. Statens vegvesen som ansvarleg oppdragsgjevar, entreprenørar, fylkestinget og ikkje minst lokale aktørar som har vore med og finansiert prosjektet. Fusa, Samnanger og Kvinnherad kommune har forskotert midlar til tunnelen. I tillegg har Fusa kraftlag, BKK og Trond Mohn forskotert store beløp. Varaordførar i Fusa Atle Kvåle overrekte blomar til samnangerordføraren og ønskte til lukke med vegen. 

Prosjektet kosta meir enn 600 millionar kroner. For dette har ein fått 2300 meter tunnel, gode tilførslevegar frå Frøland til Gaupholm og gang- og sykkelveg. Fusingane har no fått gul stripe heilt til Bergen og avstanden er korta vesentleg ned. Og ikkje minst har ein fått ein trygg og føreseieleg veg, som ein kan køyra utan å uroa seg for motgåande trafikk.
 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 30.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30