Aktuelt frå kommunen

Ferja vert innstilt kveld 27.5 til morgon 30.5.

MF Fosen 3 - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen er i gang med byggjearbeid på Hatvik ferjekai. Ferjetrafikken vil stort sett gå som normalt i byggjeperioden, men ferja vert innstilt siste helga i mai, då pælearbeidet vert utført. Det vert starta opp fredag 27. mai kl. 20.20 og er ferdig måndag 30. mai kl. 05.35.

Eksisterande tilleggskai (pir) skal byggjast om og forlengast. Tilleggskaien vert bygd av stålrøyrspelar og horisontale stålrøyr. Stålrøyrspelane skal fyllast med armert betong. Det vert òg bygd gangbane til bruk for ferjemannskap og vedlikehaldsentreprenør.  

Pælearbeidet vil medføra ein del støy. 

Ombyggingsarbeidet skal vera ferdig innan 15. juli.

Kontaktperson i Statens vegvesen: Byggjeleiar Rolf Nordeide tlf: 950 86 773

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 23.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30