Aktuelt frå kommunen

Felles telefonnummer til legevakta i heile landet

Legevaktlogo grå botn - Klikk for stort bilete

Frå 1. september kan du ringja det sekssifra telefonnummeret 116 117 for å koma til legevakta, same kvar du er i Noreg. Det lokale nummeret gjeld òg framleis.

Lett å hugsa overalt

"Du treng ikkje lenger vita kva legevakt du høyrer til. Same kvar i landet du er, kan du ringja 116 117 for å koma til legevakta. Dette er særleg nyttig viss du er på ferie eller reise," seier einingsleiar for Helse, familie og velferd i Fusa kommune, Anne Skagseth.

Tre nivå

Kontakt med legetenesta har tre nivå i Noreg:

  • Fastlegen er hovudkontakten.
  • Legevakt skal hjelpa når fastlegen ikkje er tilgjengeleg.
  • Dersom det er akutt og står om liv, skal du ringja 113.

Fastlege 

Legevakta skal hjelpa deg når fastlegen ikkje er tilgjengeleg. "Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsetenesta. Dersom det er mogeleg, skal du alltid ringja fastlegen først," seier Skagseth.

Legevakta

"Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan venta når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise," seier einingsleiaren.

Dei fleste stadar i landet er det forventa at du ringjer legevaktsentralen for vurdering for gjera avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok. 

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjera ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må venta, er det fordi andre treng hjelp raskare.

For å kunna hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar. 

Døme på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om: 

  • Høg feber – særleg hjå barn
  • Moderate pustevanskar 
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap 
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brot 

Når skal du ringja 113?

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet 
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt 
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme 

Lokale legevaktnummer

Dei gamle «lokale» telefonnumra til legevaktene har framleis ein funksjon og vil framleis virka: 

"Av og til treng du å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du sjølv oppheld deg, til dømes dersom du ringjer for eit familiemedlem. Alle legevaktene har difor eit eige nummer dei også kan kontaktast på," seier einingsleiar Anne Skagseth.

Det lokale nummeret til legevakta finn du på kommunane sine heimesider eller i nummeropplysnings-tenestene. Fusa kommune sitt legevaktnummer - 56 58 02 80 - finn du under menypunktet "Nød-/vakttelefonar" på startsida til Fusa kommune.

Oppsummering: Kven skal du ringja? 

  • Fastlegen din i opningstida 
  • Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
  • 113 når det er akutt og står om liv 
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30