Aktuelt frå kommunen

Felles jonsokfeiring i Eikelandsosen

Jonsokplakat (Anja Tveiterås) - Klikk for stort bilete

Torsdag 23. juni vert det felles jonsokfeiring for alle interesserte på Tusenårsplassen ved Fjord'n senter i Eikelandsosen. Det blir fiskekonkurranse, grilling, jonsokbrurepar og sjølvsagt jonsokbål i fjæresteinane.

I Fusa er det gjerne vanleg med mindre private arrangement i nærmiljøet ved jonsok. I år er det teke eit initiativ frå fritidsgruppa som arbeider med integrering av flyktningar og andre tilflyttarar, til ei stor felles feiring i sentrum av Eikelandsosen. Tanken er å skapa eit triveleg arrangement der nye fusingar kan bli kjend med lokale tradisjonar og der litt fleire kan møtast på tvers av grender og bygder.

Arrangementet tek til kl 18.00 med fiskekonkurranse. Arrangøren stiller med grillar og dei skal vera varme til ca kl 19.00. Det vert opptog med jonsokbrurepar og båltenning ca kl 20.00.

Kanskje vert det anna lått og løye også. Møt fram så får du sjå! 
Sjå plakat (PDF, 14 MB).

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30