Aktuelt frå kommunen

Fekk statstilskot til seniorsenter i ny idrettshall

Arbeid med fundament for idrettshall - Klikk for stort bilete

Fusa kommune har for 2018 fått kr 231.246,- i tilskot frå Helsedirektoratet til å realisera forprosjektet "Idrettshall som nytt seniorsenter og aktivitetssenter for alle". I prosjektplanen er det etter førebuing i 2018 lagt opp til to år med prøvedrift i 2019 og 2020. Tilsaman kan prosjektet utløysa eit statleg bidrag på meir enn 1 mill kroner. Byggearbeida på sjølve hallen er i full sving.

Helsedirektoratet hadde løyvd til saman 18,3 mill til den aktuelle tilskotsordninga for 2018 som går til "Aktivitetstiltak for å motvirke ensomhet og passivitet". Det kom inn 231 søknader frå heile landet, men berre 49 prosjekt fekk tilskot. Sjå tildelingsbrevet (PDF, 696 kB) frå Helsedirektoratet.

I prosjektnotatet som følgde søknaden heiter det i oppsummeringa:

Fusa kommune opnar sin første idrettshall i 2019. Kommunen har som resultatmål for 2018 at vi skal gjennomføra eit forprosjekt; «idrettshallen som aktivitetssenter for alle» og tiltaket er godt forankra i overordna planverk. I prosjektet vil vi i samarbeid med frivilligsentral og frivillige organisasjonar gå inn i eit kulturelt innovasjonsarbeid med sikte på å etablera ein vital møteplass og ny aktivitetsarena på tvers av generasjonane som vil ha positive effektar på folkehelsa i åra som kjem. 
 
I prosjektet vil seniorar og eldre vera hovudmålgruppa, men det blir ein viktig del av prosjektet å sjå kva synergiar vi kan få ut av eit samarbeid mellom generasjonar og ulike miljø under same tak. I 2018 vert det søkt om eit forprosjekt og for åra 2019 og 2020 eit prøveprosjekt.
 

Sjå Prosjektskisse Idrettshall som seniorsenter og aktivitetssenter for alle (PDF, 247 kB) for informasjon om tiltaket.

Grunnarbeida med støyping av fundament er i full sving og hallen skal etter planen stå ferdig klar til bruk på nyåret i 2019.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30